From Wikipedia, the free encyclopedia
Hever Castle | |||
| |||
Hever Castle 51.186944°N 0.113889°E |
---|
Hever Castle er eit slott i landsbyen Hever i Kent sør i England. Det var sete for slekta Boleyn (opphavleg «Bullen») frå 1462 til 1539.[1] Den framtidige dronninga Anne Boleyn budde her i delar av oppveksten.
Den eldste delen av bygningen stammar frå 1270, og består av eit porthus og ei motte-and-bailey-borg. Denne bygningen tilhøyrde James Fiennes, 1. baron Saye and Sele.[2] I 1462 blei det bygd om til ein forskansa herregard i tudorstil av Geoffrey Boleyn, som var Lord Mayor of London. Restane av tømmerbygningen er enno synlege innanfor steinveggene. Den tredje byggjeperioden med omfattande reparasjon og renovering var på 1900-talet, då staden blei kjøpt av William Waldorf Astor.[3]
Barnebarnet til Geoffrey Boleyn, Thomas Boleyn, arva slottet i 1505. Han budde her med kona si lady Elizabeth Howard, og blei både fødd og gravlagd der. Den seinare engelske dronninga Anne Boleyn og syskena hennar Mary og George var her i delar av oppveksten.
I 1536 blei Anne og George Boleyn avretta, og då faren døydde i 1539 gjekk slottet til krona. Kong Henrik VIII gav det til Anna av Kleve då han blei skild frå henne i 1540, men det ser ikkje ut til at ho var der så mykje.
Slottet har sidan hatt fleire eigarar. Blant anna er Waldegravefamilien nemnd i 1557, og Meade Waldo-familien frå 1749 til 1903. I sistnemnde periode forfall slottet stadig meir, og eigarane byrja å leiga det ut.[4] I 1903 blei det kjøpt av den amerikanske millionæren William Waldorf Astor, som fekk det fullstendig restaurert og brukte det som familieresidens. [5] Han fekk også bygd ein tudorlandsby (også kalle «The Astor Wing»)[6] og fekk laga ein «Italian Garden» for å visa fram samliinga si av statuar og ornament.[7]
Slottet blei verna som Grade I den 10. september 1954; dette var etter at tudorlandsbyen var bygd.[8]
I 1983 selte Astor-familien slottet til Broadland Properties Limited, som er drive av familien Guthrie.[9] Eigedomen er no gjort om til konferansesenter. Slottet er ope for publikum, og er spesielt kjent for labyrintane i hageanlegget og for ei omfattande samling av torturinstrument.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.