From Wikipedia, the free encyclopedia
High Roller er eit 167,6 meter høgt pariserhjul i Las Vegas i Nevada i USA. Ved opninga 1. april 2014 var det det høgste pariserhjulet i verda, 2,6 meter høgare enn pariserhjulet Singapore Flyer i Singapore.
Tverrmålet (diameteren) på sjølve hjulet på High Roller er 160 meter, og det er berar av 28 kuleliknande gondolar som stiller seg inn slik at golvet i dei alltid ligg vassrett. Kvar av gondolane har eit tverrmål på 6,70 meter, ei gjennomsiktig overflate på 20 rutemeter, ei vekt på ikring 25 tonn, og har plass til 40 personar. Ei omdreiing av pariserhjulet tek ein halv time, og er meint å gje passasjerane eit godt panoramaoversyn over byen og omlandet.
High Roller dreier seg om akslingen med eit par sfæriske, spesialbygde kulelager som kvar veg 8 800 kg, produsert hjå SKF i Göteborg i Sverige. Dei er dei største som dette firmaet har levert, med eit ytre tverrmål 2,30 meter, eit indre tverrmål på 1,60 meter og ei breidd 0,63 meter kvar.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.