Il Tempo Gigante
oppdikta racerbil frå Flåklypa-universet / From Wikipedia, the free encyclopedia
Il Tempo Gigante er ein oppdikta resarbil som er kjent frå Flåklypa Grand Prix av Ivo Caprino frå 1975. Bilen vart opphavleg teikna av forfattaren og illustratøren Kjell Aukrust, og sidan bygd av Bjarne Sandemose. I animasjonsfilmen vert den konstruert av hovudpersonen Reodor Felgen, sykkelreparatør og oppfinn, og køyrt av han i billøpet Flåklypa Grand Prix.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Bilen har i filmforteljinga masse ekstrautstyr og ulike heimekonstruerte finessar, eksempelvis to speedometer, der det eine sluttar på 250 km/t, og det andre tek over og held til fram 400. Ein viktig del og ei av dei store oppfinnelsane til Reodor Felgen er ein superretometerfordelar, som skal auke karadialeffekten med over 110 %.[1]
I filmen vert bilen sabotert av dei to hovudrivalane Rudolf Blodstrupmoen og den synske medhjelperen Mysil Bergsprekken. Likevel klarer det vesle tafatte pinnsvinet Ludvig å oppdaga feilen – ein sundsaga elektrisk fordelar – og halda bilen saman til løpet er ferdig.