![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c3/In_flagranti_%2528Emblemata_Horatiana_1607%2529.jpg/640px-In_flagranti_%2528Emblemata_Horatiana_1607%2529.jpg&w=640&q=50)
In flagrante delicto
From Wikipedia, the free encyclopedia
In flagrante delicto (eller in flagrante) er ein måte å seia «tatt på fersk gjerning» , og gjeld tilfelle der ein kriminell er teken mens lovbrotet gjekk føre seg.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c3/In_flagranti_%28Emblemata_Horatiana_1607%29.jpg/320px-In_flagranti_%28Emblemata_Horatiana_1607%29.jpg)
Det dreier seg om ein gammal juridisk formel som går attende til Tribonianus og Codex Iustinianus som vart til mellom 529 og 534 e.Kr. Der står det: in ipsa rapina eit adhuc flagrante crimine comprehensi.[1] (‘gripen direkte ved utføring av rovet’ og «in flagrante delicto»).[2]
Bortsett frå det juridiske, nyttar ein òg omgrepet om ein utru ektefelle som blir «tatt på fersken» under seksuell omgang.[3][4]