Ingebjørg Winjum
norsk politikar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Ingebjørg Winjum (f. 1952 )[1] er ordførar i Granvin herad i Hardanger frå 2011 og attvald for perioden 2015–2019.[2]
Kjappe fakta
Ingebjørg Winjum | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. april 1952 (72 år) |
Yrke | politikar |
Verv | Ordførar i Granvin |
Periode | 2011– |
Føregangar | Jan Ivar Rødland |
Politisk parti | Venstre |
Lukk
Winjum representerer Venstre og overtok ordførarvervet etter Jan Ivar Rødland (Ap). På grunn av protestane mot bygginga av «monstermastene» i Hardanger - kraftlinjeutbygginga frå Hardanger til Bergen - stilte ikkje Arbeidarpartiet liste i kommunevalet 2011. Mange veljarar i Granvin måtte difor finna seg eit nytt parti.[3]
Ingebjørg Winjum er utdanna sosionom og er busett i Såkvitne i Øvre Granvin. Ho har uttalt at hennar viktigaste sak er å auka folketalet i heradet.[4]