From Wikipedia, the free encyclopedia
Initial er ein bokstav som står først i eit ord, namn eller tekst.[1] Ordet kjem frå latin initialis, som betyr «står i byrjinga».[2]
Ein slik bokstav er ofte ein majuskel, eller stor bokstav. I ein del dokument kan han også vera mykje større enn resten av tekst, og rikt pryda. Ein initial som er fargelagt eller forgylla i eit handskrift blir kalla illuminert.[3]
Førstebokstavane i namnet til ein person blir kalla initialane hans. Ord sette saman av initialar frå ei rekkje ord blir kalla initialord eller bokstavord. Om bokstavane blir lesne saman som eit ord blir det kalla akronym.[4]
Innan typografi viser initial til ein litt større bokstav brukt i innleiinga til ein skriven eller trykt tekst.[5] I den tidlegaste perioden av trykking ville ein typograf gjerne setja til side den nødvendige plassen til at ein målar eller ein teiknar kunne laga ein initial. Historiske initialar var ofte dekorerte med ornament eller motiv som kunne referera til teksten.
Initialar kan også visa til dei første bokstavane i eit namn. Personar kan omtalast med berre initialar, til dømes er John Fitzgerald Kennedy ofte blitt omtalt som berre «JFK».
Ein eller fleire initialar brukte som dekorativt merke og kjenneteikn blir ofte kalla monogram. Då kan initialane vera stilt saman med tal (dei norske kongane med H 7, O V eller 5 og H 5) og krone (særleg rangkronene til kongefamilien).
Bumerke består ofte av runeinitialar frå personnamn skrivne med runer, så som ei samanfletting av dei to første runebokstavane i eit fornamn.
Initialar er vanlege i norske personsegl, dels som underordna figurmotiv, dels som einaste figur. Initialane i segla er ofte forbokstavar i fornamn og i farsnamn, eventuelt i fast slektsnamn. Ved farsnamn er det ofte initialen til faren sitt fornamn og i tillegg også bokstaven S for endinga sønn/son/sen. Dei tre bokstavane står ofte over dei sentrale motiva til segla som kan vera bumerke, våpenskjold, allegoriske figurar og anna.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.