Irak-Irankrigen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Iran–Irak-krigen, òg kalla den første golfkrigen, var ein krig mellom Iran og Irak som varte frå 22. september 1980 til 20. august 1988. Han blei ofte omtala som golfkrigen før Irak–Kuwait-konflikten (1990–91) som blei kjent som den andre golfkrigen, men etterkvart berre blei kalla golfkrigen.
Kjappe fakta Dato, Stad ...
Irak-Irankrigen | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
En iransk soldat med gassmaske. Iran–Irak-krigen var berykta for brutalitet, og inkluderte også irakisk bruk av kjemiske våpen. | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Irak |
Iran | ||||||
Kommandantar | |||||||
Saddam Hussein Ali Hassan al-Majid Taha Yassin Ramadan Izzat Ibrahim al-Douri Adnan Khairallah |
Ruhollah Khomeini Ali Akbar Hashemi Rafsanjani Ali Shamkhani Mostafa Chamran Massoud Barzani | ||||||
Styrkar | |||||||
190 000 mann 5 000 stridsvogner 4 000 pansra køyretøy 7 330 kanoner 500+ jagerfly, 100+ helikopter[1] |
305 000 mann 500 000 Pasdaran og basij-militssoldatar 900 stridsvogner 1 000 pansra køyretøy 3 000 kanonar 470 jagarfly 750 helikopter[2] | ||||||
Tap | |||||||
375 000-500 000 soldatar/militssoldatar/sivile drepne eller såra | Kring 500 000-750 000 soldatar/militssoldatar/sivile drepne eller såra |
Lukk
Krigen byrja då Irak invaderte Iran 22. september 1980. Invasjonen såg i byrjinga ut til å vere ein suksess for irakarane, men etter kort tid vart dei slegne attende og konflikten utvikla seg til en lang utmattingskrig. Krigen forandra for alltid politikken i området; han hadde konsekvensar for global politikk og førte til den irakiske invasjonen av Kuwait i 1990.