Irsk stuing
From Wikipedia, the free encyclopedia
Irsk stuing (engelsk Irish stew, irsk stobhach eller Stobhach Gaelach)[1] er ein gryterett eller ei stuing med opphav frå Irland. Retten kan ha ei rekkje ulike kjøt- og grønsaksingrediensar. Det er særleg vanleg å bruka lam eller sauekjøt og potet, lauk og persille i retten.[2] Stuinga blir småkokt i nokre timar.[3]
Ein rekner med at retten går mange hundreår tilbake, men han blei kjend utanfor Irland på 1800-talet. Kokebokforfattaren Mrs Beeton har ei oppskrift som nytter sauekjøt, potet, perlebygg og lauk. Oxford Companion to Food hevder at puristar berre vil ha dei tradisjonelle ingrediensane nakkestykka, potet, lauk og vatn i retten. Andre moglege ingrediensar er gulrot, nepe og perlebygg.[3]
Irsk stuing var utbreidd i heile Storbritannia som middagsrett og som institusjonsmat. Eit dårleg rykte skapt av dårlege ingrediensar og tillaging og mindre bruk av fårekjøt førte til ein tilbakegang for retten i andre halvdel av 1900-talet.[4]