![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/72/Isle_of_Thanet.jpg/640px-Isle_of_Thanet.jpg&w=640&q=50)
Isle of Thanet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Isle of Thanet er ei tidlegare øy som i dag er det austlegaste punktet i Kent i England. Tidlegare var det fleire hundre meter mellom fastlandet og øya, men sundet mudra til og ho er i dag berre ei halvøy. Arkeologiske funn viser at det har budd menneske her sidan steinalderen. I dag er staden ein turistdestinasjon og eit jordbruksområde. Frå hamnebyen Ramsgate går det båtar til kontinentet. Hovudbyen på Thanet er landsbyen Minster-in-Thanet.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/72/Isle_of_Thanet.jpg/640px-Isle_of_Thanet.jpg)
Under romarane var Richborough på andre sida av Wantsum-kanalen ein av dei viktigaste hamnebyane deira i Storbritannia. På denne tida var Thanet ei øy. Det siste skipet segla mellom øya og fastlandet i 1672.[1]