tidlegare kommune i Sogn og Fjordane fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Jølster er ein tidlegare norsk kommune som låg i Indre Sunnfjord i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen grensa i nord til Gloppen og Stryn, i aust til Luster og Balestrand, i sør og i vest til Førde, og i nordvest til Naustdal. Det var to tettstadar i Jølster; Vassenden og Skei. Vassenden var i nyare tid den største av dei to, noko som truleg kjem av nærleiken til byen Førde. Skei var kommunesenteret, men ligg lengre unna større senter og har hatt eit mindre tilfang av innflyttarar. 1. januar 2020 vart Jølster del av nye Sunnfjord kommune.
Jølster kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane | ||
Adm.senter | Skei | ||
Areal | 670 km² | ||
• land | 621 km² | ||
• vatn | 49 km² | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Oddmund Klakegg (Sp) | ||
Kommunenr. | 1431 | ||
Jølster kommune 61.541667°N 6.408889°E | |||
Kart som viser Jølster kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Jølster | |||
Nettstad: www.jolster.kommune.no | |||
Det høgste fjellet i kommunen var Snønipa og er 1 827 meter høgt. Mykje av låglandet og dei fleste grendene i kommunen krinsar i stor grad rundt det store Jølstravatnet, som ligg om lag 200 moh. Namnet Jølster stammar frå det norrøne uttrykket «jolmster» som tyder bråk og larm.
Ein person som kjem frå Jølster vert kalla jølstring.
Då tettstaden Vassenden ligg i den nedre (vestlege) delen av bygda og Skei ligg i den indre (austlege) delen, snakkar ein ofte om Indrebygda (soknar til Skei) og Nedrebygda (soknar til Vassenden). Denne skiljelina er heilt grunnleggande, då ein allereie i seksårsalderen vert gruppert til ein av dei to barne- og ungdomsskulane i kommunen; anten på Skei eller på Vassenden.
Denne skiljelina er òg ei tradisjonell politisk konfliktline, som mellom anna har ført til at ein tidlegare berre hadde to bygdelister ved kommunevalet, ei for kvart kyrkjesokn. Desse listene er ikkje lenger i bruk, men førte mellom anna til ein tradisjon i dei største partia i kommunen om å sørgje for god representasjon av personar med postnummer frå begge hovudbygdene (Skei og Vassenden).
Ein kan sjå at målet i Indrebygda ber preg av å vere påverka av nordfjordsmål, medan målet i Nedrebygda er påverka frå Førde-regionen. (Les: Jølstramål)
Eit anna geografisk uttrykk som ofte vert nytta er Sørsida, som er eit namn på grendene på den sørlege sida av Jølstravatnet. Riksvegen går på den nordlege sida av vatnet.
Senterpartiet er det dominerande partiet i kommunestyret med 9 av 25 representantar. Like etter følgjer Arbeidarpartiet (fem representantar), Venstre (fire representantar) og Framstegspartiet (to representantar). Høgre, Kristeleg Folkeparti og SV er òg representerte i kommunestyret.
Dei største næringane i kommunen er jordbruk, turisme og byggeverksemd. I tillegg er Jølster ein kraftkommune med eit stort kraftverk i Stakaldefossen og eit nytt kraftverk under utbygging (pr. 2005) i området rundt Kjøsnesfjorden.
Jordbruket i Jølster har lange og gamle tradisjonar, men meir overraskande er det nok at turismen òg har eit historisk fotfeste i området. Dei to hotella på Skei og Vassenden dukka opp rundt hundreårsskiftet mellom 1890 og 1910, men lenge før den tid har ein drive skysstasjonar og breføring for spenningssøkande turistar som skulle utforske den norske fjellheimen eller ta seg opp på breen. Tradisjonane held seg, og eit klart fleirtal av føretaka i kommunen driv i dag med turisme, men då hovudsakleg overnatting og camping.
Byggeverksemda er ein nykommar i næringslivet til samanlikning med dei to andre, og har kome i kjølvatnet av utviklinga av byen Førde som regionalt handlesenter.
Folketalsutvikling for Jølster kommune frå 1920:
Ordførarar i Jølster | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
1838-1842 Thor Hanson Veiteberg |
1842-1844 Samuel N. Dvergsdal |
1844-1848 Anders E. J. Aalhus |
1848-1856 M. S. T. Fasting |
1856-1858 Samuel N. Dvergsdal |
1858-1861 Anders E. J. Aalhus | ||
1862-1864 Ludv. G. Klakegg |
1864-1872 Nils O. Øvrebø |
1872-1874 Anders K. Myklebust |
1874-1876 Anton K. Øygard |
1876-1878 Bendikt J. Nedrebø |
1878-1880 Anders K. Myklebust | ||
1880-1890 Sjur B. Heggheim |
1890-1892 Ole O. Viken |
1892-1899 Nils S. Dvergsdal |
1899-1911 Sjur B. Heggheim |
1911-1920 T. H. Veiteberg |
1920-1929 Ludv. D. Klakegg | ||
1929-1937 Nils O. Øvrebø |
1937-1942 A. K. Øygard |
1945-1951 A. K. Øygard |
1952-1965 Nils J. Helgheim |
1966-1973 Erling Slåtten |
1974-1981 Sverre P. Befring | ||
1982-1985 Anders Helgheim |
1986-1987 Arne Sandnes |
1988-1991 Normann Aarseth |
1992-1995 Knut O. Øygard |
1996-2011 Gerd Dvergsdal |
2011- Oddmund Klakegg |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.