Luster kommune

kommune i Vestland fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Luster kommunemap
Remove ads

61°26′N 7°27′E

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Luster er ein kommune i Sogn i Vestland fylke. Kommunen er den nest største i fylket og femner i tillegg til fjordområde òg delar av Jotunheimen, Breheimen og Jostedalsbreen. Den ligg kring Lustrafjorden inst i Sognefjorden.

Luster kommune består i dag av dei tidlegare herreda Luster, Hafslo og Jostedal.

Store Skagastølstind «Storen» på 2405 moh., det høgste fjellet i Vestland og det tredje høgste fjellet i Noreg, markerer kommunegrensa.

Remove ads

Historie

Kommunen fekk utstrekkinga han har i dag i 1963, då kommunane Hafslo, Jostedal og Luster vart slegne saman.

Haugerørsla i Luster

I Sogn fekk Hauge følgje av Hans Feigum og Peder Steen frå Luster. Haugerørsla var ikkje ønskt velkommen av statskyrkja, og det var motsand mot rørsla i kommunen.[treng kjelde]

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for noverande Luster kommune frå 1920:

Meir informasjon 1.12.1920, 1.12.1930 ...
Remove ads

Luster prestegjeld

Luster var fram til 2004 òg namn på eit prestegjeld i Indre Sogn prosti. Prestegjeldet hadde sokna Nes, Dale og Fortun. Fram til 1967 høyrde òg Gaupne sokn til prestegjeldet, det vart då overført til Jostedal prestegjeld. Luster kommune var delt inn i tre prestegjeld, Luster, Hafslo og Jostedal. Frå 2004 har den lokale prestetenesta vorte organisert av prosten i Indre Sogn prosti.

Tettstader

  • Gaupne 1 286 innbyggjarar per 1. januar 2024
  • Hafslo 1 169 innbyggjarar per 1. januar 2024

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads