From Wikipedia, the free encyclopedia
Jon and Vangelis er eit samarbeidsprosjekt mellom songaren Jon Anderson (tidlegare frontmann i progrockbandet Yes) og den greske synthesizer-musikaren Vangelis Papathanassiou. I lag gav dei ut fleire populære album i 1980-åra.
Jon and Vangelis | |||
Opphav | Hellas Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1979–1991 | ||
Sjanger | New age, elektronisk | ||
Tilknytte artistar | Yes | ||
Plateselskap | Polydor Records Arista Records Higher Octave Records | ||
Tidlegare medlemmer | Jon Anderson Vangelis |
I 1974 vart Vangelis vurdert som ein erstattar for Rick Wakeman som klaverspelar i Yes, men jobben gjekk til Patrick Moraz då Vangelis var lunken til å starte i bandet. Han vart under prøvespelinga kjend med Anderson, og han song på Vangelis sitt Heaven and Hell (1975), spelte harpe på Opera Sauvage (1979), og song igjen på See You Later i 1980.
Anderson slutta i Yes mellom 1980 og 1983, og i denne tida starta samarbeidet med Vangelis for fullt. Dei to spelte inn fleire album i lag mellom 1979 og 1991, og fleire hittar som «I Hear You Now» (UK nr. 8), «I'll Find My Way Home» (UK nr. 6)[1] og «The Friends of Mr Cairo» (Canada nr. 1). Anderson skreiv tekstane, medan Vangelis komponerte musikken.
I 1986 gjorde Jon & Vangelis fleire forsøk på å lage eit nytt album, men mykje av dette vart ikkje offisielt gjeve ut under namnet Jon and Vangelis. Tolv songar vart sett saman i 1991 til Page of Life, medan andre songar frå desse innspelingane kom ut seinare, som «Let's Pretend», som er den siste songen på albumet Anderson Bruford Wakeman Howe i 1989. Anderson omarbeidde sjølv Page of Life, som kom ut i 1998 i USA med ni spor. Vangelis godkjende ikkje dette og det er sagt å vere årsaka til at dei ikkje samarbeidde meir.[2] «Sing With Your Eyes» kom ut i 1991 som B-sida til CD-singelen «Wisdom Chain» / «Page of Life».[3] I 2011 møtte Anderson Vangelis for å diskutere eit nytt samarbeid, men fekk ikkje noko svar.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.