I

From Wikipedia, the free encyclopedia

I
Remove ads

I (i) er den niande bokstaven i det latinske og det greske alfabetet (I ι),[1] og den 11. bokstaven i det ukrainske alfabetet.

Kjappe fakta Bruk, Skriftsystem ...
Remove ads

Historie

Meir informasjon Egyptisk hieroglyf ꜥ, Fønikisk jod ...

I fønikisk skrift kan bokstaven ha opphav i ein egyptisk hieroglyf av ein arm som stod for lyden /ʕ/, ein stemd faryngal frikativ. På semittiske språk heiter bokstaven jod og står for lyden /j/, ein halvvokal (konsonantisk i).[1] Det semittiske ordet for arm byrjar med denne lyden.

Då bokstaven blei del av det greske alfabetet blei han kalla iota og nytta for vokalen i.[1] På latin blei bokstaven nytta både som i- og j-lyd.[1] I dei siste tiåra fvt. og seinare nytta ein ein lang i-lyd eller ij-lyd ved å gjere streken i bokstaven ekstra lang.[1] Frå 1100-talet vart det vanleg å sette ein tynn strek over bokstaven, og frå 1300-talet sette ein i staden ein prikk over for å skilje han ut.[1]

Den moderne bokstaven j byrja som ein variant av i. Begge blei nytta for både vokalen og konsonanten over lang tid, og blei fyrst klart skilde på 1500-talet.[2]

I runealfabetet er bokstaven den tredje runa i andre ætt.[1]

Remove ads

Bruk

Meir informasjon Ortografi, Fonem ...

Bokstaven i uttrykker ord på både norsk og engelsk: På norsk er «i» ein preposisjon, medan på engelsk er «I» det personlege pronomenet for første person, eintal, i subjektsform.

Remove ads

I kan stå for

  • det kjemiske symbolet for grunnstoffet jod
  • talet 1 skrive med romartal
  • nasjonalitetskjennemerke for bilar frå Italia
  • på bilskilt frå Austerrike: Innsbruck
  • på norske bilskilt før 1971: Aust-Agder fylke
  • latinsk og romersk forkorting for imperator. På latinsk kan forkortinga òg tyde Julius, Junius, Juno, Jupiter med fleire.

i er det matematiske symbolet for √–1.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads