Jordfresar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Jordfresar er ein jordbruksmaskin med ein roterande aksling med L-forma knivar, montert i trepunktsopphenget og driven frå kraftuttaket på ein traktor. Turtalet til rotoren varierer frå 125 til 500 O/min, men 250 til 350 o/min er mest vanleg[1]. Standard turtal på kraftuttaket er 540 eller 1000 o/min, så mange jordfresarar har girkasse med fleire hastigheiter. Jordfresarar krev stor effekt og dei fleste vert drivne med 1000 o/min på kraftuttaket, som er det vanlege på større traktorar. Arbeidsbreidda varierer frå rundt 0,5 m for små sjølvgåande fresar til over 6 m for store maskinar. Arbeidsdjupna vert justert med djupnehjul eller meiar.
Jordfresarar vert nytta for å knusa torv og jordklumpar og for å blanda kalk og naturgjødsel med jorda. Dei høver godt på myrjord og kan i nokre høve erstatta pløying og horving. På steinrik jord høver dei ikkje så godt. Maskinane er kostbare, krev stor effekt og har høge driftutgifter.