Joy to the World
julesong / From Wikipedia, the free encyclopedia
«Joy to the World» er ein populær julesong i den engelskspråklege verda.[1] Teksten er skriven av den engelske salmeforfattaren Isaac Watts, basert på Salme 98 i Bibelen. Songen vart først publisert i 1719 i samlinga til Watts: The Psalms of David: Imitated in the language of the New Testament, and applied to the Christian state and worship. Watts skreiv teksten til «Joy to the World» som ein hymne som lovprisa Jesu gjenkomst,[2] og ikkje ein song om Jesu fødsel. Berre den andre halvdelen av teksten til Watts vert framleis nytta i dag.[3]
Musikken vart tilpassa og arrangert til teksten til Watts av Lowell Mason i 1839 frå ein eldre melodi som ein då trudde kom frå Händel, ikkje minst fordi temaet i refrenget (And heaven and nature sing...) finst i orkesteropninga og akkompagnementet til resitativet Comfort ye frå Messias av Händel, og dei første fire tonane er lik byrjinga på koralane Lift up your heads and Glory to God frå det same oratoriet. Händel komponerte likevel ikkje heile melodien.[4] Namnet «Antioch» vert generelt nytta om melodien.
Seint på 1900-talet var «Joy to the World» den mest publiserte julesongen i Nord-Amerika.[1]