Kaftan (av farsi خفتان, khaftân) er ein fotsid frakk eller kjortel med vide erme. Kaftan vert brukt som overplagg for menn og er tradisjonelt boren i Tyrkia, Midtausten og Sentral-Asia.

Thumb
Fargefotografi som viser ein jødisk lærar og elevane hans i Samarkand i Det russiske keisarriket omkring 1910. Alle ber tradisjonelle kaftanar (jomah/джома/ג'ומא), samt kalottar eller huer med pelskant.
Thumb
Marokkansk kaftan

Kaftanar kan vere heile framme eller utstyrde med opning og knappar. Det er ingen reglar for val av stoff eller fargar, og plagga kan vere rikt dekorerte og også fôra med pelsverk. Plagget har vore vanleg blant tyrkarar, mongolar, tartarar og ortodokse jødar, til dømes i Russland og Polen. Kaftanar av ulike typar har også vorte borne i Syria, Egypt og India.

Ordet kofte, som på norsk i dag særleg vert brukt om strikkejakker, bunadsfrakkar eller sametrøyer, kan stamme frå ordet kaftan.[1] I Sverige og andre stader har lange prestekjolar med vide erme vorte kalla kaftanar.[2] Nemninga vert også brukt om andre plagg med liknande snitt, til dømes den vietnamesiske kvinnekjolen ao-dai.

Sjå òg

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.