Kalebass
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kalebass (frå spansk calabaza gjennom fransk calebasse,[1] kanskje opphavleg persisk) er namnet på det hole og tørka fruktskalet frå det tropiske kalebasstreet (Crescentia cujete) i trompettrefamilien Bignoniaceae, som ein finn i Sør-Amerika. I andre område brukar ein også fruktskal av artar i graskarfamilien (Cucurbitaceae), som til dømes flaskegraskar, (Lagenaria siceraria) til slikt handverk. Ordet «kalebass» vert også brukt om drikkekar, skåler og anna handverk som er laga av slike skal.[2]
Kalebassar har ei rekkje ulike bruksområde. Dei kan brukast som flasker, glas, auser, piper, fløyter, rangler, fuglekasser og flytarar for fiskegarn.[3] Ein kan også dekorera dei gjennom måling, rissing eller utskjering.