From Wikipedia, the free encyclopedia
Kenosha er ein by lengst søraust i delstaten Wisconsin i USA, administrasjonssete for Kenosha County. Folketalet er kring 100 000, noko som gjer byen til den fjerde mest folkerike i Wisconsin. Kenosha ligg på sørvestbreidda av Michigansjøen, om lag midtvegs mellom Chicago og Milwaukee.[2] Hovudvegen Interstate 94 gjev Kenosha samband med begge storbyområda.
Kenosha | |||
by | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Stat | Wisconsin | ||
Areal | 72,202608 km² | ||
Folketal | 99 986 (folketeljinga 2020)[1] | ||
Kenosha 42.582222222222°N 87.845555555556°W | |||
Wikimedia Commons: Kenosha, Wisconsin | |||
Kenosha var i lang tid eit industrisenter. Store bilfabrikkar dreiv den lokale økonomien størstedelen av 1900-talet.[3] Den siste av desse fabrikkane vart lagt ned i i 1980-åra. Gradvis gjekk byen over til eit tenestebasert næringsliv. Hovudkontora til verktøyprodusenten Snap-on Inc. og kledefirmaet Jockey International ligg i Kenosha.[4]
Filmskaparen Orson Welles var frå Kenosha.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.