Kentaur
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kentaur (gresk Κένταυρος, Kéntauros, latin centaurus) eller hippokentaur[1] er eit fabeldyr eller ein daimon frå gresk mytologi som er tenkt som eit vesen som er dels hest og dels menneske; han har overkroppen og hovudet til eit mennesket og sjølve kroppen og føtene til ein hest. Kentaurar er framstilte som ein vill og ukontrollert rase, som er fullstendig underlagt dei dyriske kreftene sine.
I tidlege attiske og boiotiske vasemåleri er dei avbilda med bakenden til ein hest og i seinare attgjevingar er dei viste med overkroppen og torsoen til eit menneske festa på ryggkam til ein hest der ein normalt finn halsen til hesten. Denne tilstanden av halvt menneske og halvt hest har fått mange forfattarar til å behandla dei som liminale vesen, fanga mellom to naturar og kontrasterande mytar, begge som legamleggjeringar av den utemde naturen, slik som i kampen deira med lapittarar (slektningane deira), eller omvendt som lærarar, slik som Kheiron.
Kentaurane blei vanlegvis sagt å ha blitt fødde som barn av lapittarkongen Ixion og Nefele (skya gjort i biletet til Hera). Ei anna opphavssoge seier at dei er avkommet til ein viss Kentauros som hadde samleie med hopper i Magnesia. Denne Kentauros var anten sjølv ein son av Ixion og Nefele (innsetjing av ein mellomliggjande generasjon) eller av Apollon og Stilbe, dotter av elveguden Peneios. I ein seinare versjon av forteljinga var tvillingbroren hans Lapithes, stamfar av lapittarane, slik at dei stridande folka var slektningar.
Kentaurane blei sagt å halda til i Thessalía og ved fjellet Pilion i Thessalía, i eikeskogen Foloi i Elis, og i sørlege Lakonía. Dei heldt fram med å opptre i litterære former i romersk mytologi.