Kiosk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kiosk er ein butikk i mindre format. Han kan vera ein frittståande bygning, ei bu, med opning på ei side for betening, eller vera eit mindre lokale i ein større bygning.[1]
Ordet «kiosk» stammar frå det tyrkiske köşk, som tyder ‘paviljong’. Det tyrkiske ordet kjem i sin tur frå persisk kūskh, ‘palass’, ‘portiko’.[2]
Ein kiosk har eit avgrensa vareutval. Det finst fleire typar kioskar. Det er gatekjøken, som satsar på hurtigmat som pølser og hamburgarar. Det er videokioskar som i tillegg til sal av mat sel og leier ut filmar. Det er bladkioskar som har eit stort utval av norske og utanlandske blad, aviser og magasin, men også litt bøker.