From Wikipedia, the free encyclopedia
Klippedomen (arabisk قبة الصخرة Qubbat As-Sakhrah, hebraisk כיפת הסלע Kippat ha-Sela) er ein muslimsk heilagdom i Gamlebyen i Jerusalem. Han er ein åttekanta bygning med forgylla kuppel som er reist på staden profeten Muhammed skal ha reist til himmelen frå. Bygningen blei opphavleg fullført under omajadekalifen Abd al-Malik, og er med dette eit av dei eldste døma på islamsk arkitektur.[1]
Klippedomen | |||
| |||
Stil | umajjade-kunst | ||
---|---|---|---|
Klippedomen 31.778055555556°N 35.235277777778°E |
Klippedomen er eit kjennemerke for Jerusalem,[2] og er som del av Gamlebyen med på UNESCO si liste over verdsarv, saman med mellom anna Vestmuren (Klagemuren) og Gravkyrkja i nærleiken.[3]
Domen blir ofte omtalt som Klippemoskeen, men er ikkje eigentleg ein moské. Han ligg like ved al-Aqsa-moskeen på Tempelhøgda, som er den tredje mest heilage staden i islam, etter Mekka og Medina, i tillegg til å vera heilag også for jødar og kristne. Staden han er bygd på husa tidlegare eit romersk tempel til Jupiter Capitolinus, og før dette Det andre jødiske tempelet i Jerusalem. Ifølgje jødisk tradisjon er domen reist over klippa patriarken Abraham ville ofra Isak på.[4]
Bygget blei truleg reist frå 687 til 691. Den opphavlege kuppelen kollapsa i 1016 og blei bygd opp att i 1021.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.