Knutsen & Ludvigsen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Knutsen & Ludvigsen var ein norsk vise- og underhaldningsduo som laga absurd humor for barn og vaksne. Gruppa bestod av Gustav Lorentzen som Ludvigsen og Øystein Dolmen som Knutsen. Duoen fanst frå 1970 til 1986, men spelte også ei rekkje konsertar saman etter dette. Knutsen & Ludvigsen laga høyrespel, bøker, teater og film og fleire platar.
Knutsen & Ludvigsen vann Spellemannprisen 1972 og Spellemannprisen 1983, begge gongene i klassen barneplate. I 2006 vann dei Gammleng-prisen i klassen veteran.