Kongedømet Galicia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kongedømet Galicia var ei politisk eining (400-talet - 1833) sørvest i Europa og nordvest på Den iberiske halvøya. Kongedømet vert rekna som det første kristne kongedømet på halvøya. Fram til 1200-talet var kongedømet eit maktsenter for kristne kongedøme på Den iberiske halvøya. På 1100-talet vart Galicia svekka første gong då det måtte gje frå seg dei sørlege områda, som vart Kongedømet Portugal. Då Kongedømet Castilla, som opphavleg var ein del av Galicia, vart mektigare vart Galicia gradvis svakare. Kongedømet vart etter kvart ein del av kongemakta Castilla og eksisterte som eit kongedøme i dette riket og seinare Spania fram til 1833.
Kjappe fakta ← 410 — 584910 — 1833 ...
Reino de Galicia Kongedømet Galicia | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Europa på 1100-talet | ||||
Hovudstad | Braga, Oviedo, Leon og til slutt Santiago de Compostela | |||
Språk | Galicisk | |||
Religion | Kristendom | |||
Styreform | Monarki | |||
Monark | ||||
- 910-924 | Ordonius I | |||
- 925-929 | Sancius I | |||
- 1111-1157 | Adefonsus VII | |||
Lovgjevande forsamling | Xuntas do Reino de Galicia | |||
Historie | ||||
- Oppretta | 410 | |||
- Opphøyrde | 1833 | |||
Close