Kringkastingsrettar for VM i fotball 2014
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Denne artikkelen er ei liste over alle offisielle eller lisensierte kringkastarar av VM i fotball 2014. Kringkastingsrettane vart distribuert direkte av FIFA eller gjennom lisensierte selskap og organisasjonar, til dømes med Den europeiske kringkastingsunionen, Organización de Televisión Iberoamericana, International Media Content, Dentsu, RS International Broadcasting & Sports Management[1] og MP & Silva.[2][3]
Dei norske rettane var delte mellom NRK og TV 2.[4] I Sverige vert rettane delte mellom SVT og TV4, medan DR og TV 2 har rettane i Danmark.
Dette var siste gong ESPN og Univision sendte eit VM-sluttspel i USA, ettersom Fox Sports og Telemundo tok over TV-dekninga frå VM i 2018.