From Wikipedia, the free encyclopedia
Kruševac (serbisk Крушевац) er ein by og ein kommune i Serbia. I 2002 hadde sjølve byen 75 256 innbyggjarar, medan kommunen hadde 149 732. Kruševac er det administrative senteret i Rasina distrikt.
Kruševac | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Serbia | |
Region | Sentral-Serbia | |
Distrikt | Rasina | |
Grunnlagd | 1371 | |
Borgarmeister | Dragan Azdejković | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
854 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2002) - folketettleik - Byområde |
149 732 175,3 /km² 75 256 | |
Koordinatar | 43°35′0″N 21°19′0″E | |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 37000 | |
Retningsnummer (tlf) | www.krusevac.org.rs | |
Bilnummer | KŠ |
Kruševac vart grunnlagd i 1371.[1] Det var i Kruševac at den serbiske adelsmannen Lazar, samla ein serbisk hær mot Det osmanske riket i slaget ved Kosovo i 1389. Ruinane av palasset hans er framleis synleg i dag. Her står òg ei kyrkje frå same periode med vakre rosevindauge og skulpturar av påfuglar, drakar og ørner på veggane. Fleire gamle, tyrkiske hus finst framleis i byen, mellom anna ei tyrkisk fontene og eit bad.
Det finst òg eit stort monument tileigna slaget i Kosovo (Бој на Косову, Boj na Kosovu). Som ein del av monumentet finst ein statue av den kjende serbiske diktaren og «gusle»-spelaren Filip Višnjić.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.