Krønike
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ei krønike (latin chronica frå gresk χρονικά, frå χρόνος, 'tid') er eit kronologisk oversyn over historiske hendingar. Ei krønike kan dekke ein viss periode eller ta for seg eit viss folkeslag eller område. Sjangeren var sæsrkild utbreidd i mellomalderen.[1]
Krøniker skil seg frå mange andre historieverk ved at dei ikkje søker å finna bakgrunnar eller samanhengar i det som skjer, men berre oppteikner det skrivaren ser på som fakta.