Kumanovo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kumanovo (makedonsk Куманово, albansk Kumanovë) er ein by og ein kommune i regionen Aust i Nord-Makedonia. Byen er den nest største byen i Nord-Makedonia etter Skopje, og kommunen Kumanovo er den nest største i landet etter Skopje. Den noverande kommunen vart oppretta i 2004 ved at ein slo saman dei to tidlegare kommunane Kumanovo og Orasjats, samstundes med at sju landsbyar vart overførde frå den tidlegare kommunen Kletsjevtse.
Kumanovo Куманово Kumanovë | |||
---|---|---|---|
Frå sentrum av Kumanovo | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Statistisk region |
Nord-Makedonia Nordaust | ||
Først nemnd i | 1519 | ||
Borgarmeister | Zoran Damjanovski | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 509,48 km² | ||
Flatevidd - By |
509,48 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2021) - folketettleik |
98 104 192,6/km² | ||
Koordinatar | 42°8′9″N 21°43′5″E | ||
Høgd over havet | = +340 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 1300 | ||
Telefon-retningsnummer | 389 031 | ||
Heimeside: www.kumanovo.gov.mk | |||
Plassering | |||
Plasseringa til Kumanovo i Nord-Makedonia |
Kommunen har eit areal på 509,48 km2. I 2021 hadde kommunen 98 104 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 75 051 innbyggjarar.[1]
Kumanovo ligg nordaust i landet, ikkje langt frå hovudstaden Skopje. Byen ligg i ei høgd på 340 meter over havet og er omgjeve av fjella Skopska Crna Gora i vest Gradisjtanska planina i sør og Mangovitsa i aust.