From Wikipedia, the free encyclopedia
Kuopio er ein by og ein kommune i Finland, i landskapet Norra Savolax. Kuopio er den åttande folkerikaste byen i Finland, med vel 97 000 ibuarar. Byen har eit samla areal på 2 317 km², etter at Karttula kommune var ein del av bykommunen frå 1. januar 2011.
Kuopio | |||
Land | Finland | ||
---|---|---|---|
Areal | 3 241,74 km² | ||
Folketal | 124 131 (29. februar 2024)[1] | ||
Kuopio 62.8925°N 27.678333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Kuopio | |||
Kuopio er omgjeven av innsjøen Kallavesi, og fleire delar av byen er bygde på øyar.
Kuopio vart grunnlagd i 1653 av den finske riksdrotten Per Brahe, men den offisielle grunnleggjingsdatoen er 17. november 1775, då den svenske kongen Gustav III av Sverige gav staden fulle byrettar.
Gjennom perioden 1809–1917 vart Kuopio utvikla til ein skule- og kulturstad.
40 prosent av arbeidsstokken arbeider i offentleg sektor, 17 prosent i finansnæringar, 16 prosent innan handel- og hotellnæring, 12 prosent med tillverknad, el- og vassforsyning, 7 prosent i transportnæringar, 6 prosent i bygg og anlegg og 2 prosent med jord- og skogbruk.
Kuopio universitet vart grunnlagt i 1966 har om lag 6000 studentar spreidd på fem fakultet.
Erkebiskopen i den ortodokse kyrkja i Finland har setet sitt i Kuopio, til liks med ein av biskopane i den Evangelisk-lutherska kyrkan i Finland.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.