Kvekarane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kvekarane, òg kalla Det religiøse venesamfunnet (The Religious Society of Friends på engelsk)[1][2] eller berre Venesamfunnet (vanlegvis i bokmålsform som Vennenes samfunn)[3] er eit kristent kyrkjesamfunn, grunnlagt i England midt på 1600-talet. Kyrkjesamfunnet er kjenneteikna av trua på at sjela har umiddelbar kontakt med Gud (det indre lys); det er antiautoritært og prega av nøysemd og fredsæle. Namnet kvekar har samanheng med ordet quake, 'skjelve', og var opphavleg eit utnamn, kanskje gitt fordi nokre medlemmer under møta vart så gripne at dei skolv.
Vennenes Samfunn Kvekerne er eit tidlegare norsk namn på kvekarsamfunnet i Noreg.[4]