Laila
kvinnenamn / From Wikipedia, the free encyclopedia
Laila er eit kvinnenamn med to ulike opphav, eit samisk og eit arabisk. Det samiske namnet kjem truleg frå det finsk-samiske Aila, som kanskje svarar til Helga, altså heilag.[1] Den arabiske tydinga av namnet er natt.
- Sjå òg potetsorten Laila
Laila har namnedag den 27. februar. Namnet kan òg stavast Lajla, Leila, Leyla eller Layla. Leila er mest brukt, med 11 671 berarar i 2008, medan dei andre har mellom hundre og trehundre berarar.
Namnet Laila byrja å bli populært i 1930-åra, med ein topp rundt 1940. Bruken gjekk nedover med noko oppgang på 60- og 70-talet, medan det seinare er blitt mindre vanleg igjen.