![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f0/Laptev_Sea_map.png/640px-Laptev_Sea_map.png&w=640&q=50)
Laptevhavet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Laptevhavet (russisk море Лаптевых, more Laptevykh) er eit randhav i Nordishavet. Det ligg mellom austkysten av Sibir, Tajmyrhalvøya, Severnaja Zemlja og Nysibirøyane. I nord grensar havet til ei linje som går frå Kapp Arktis ved 79°N og 139°E til Kapp Anisij. Karahavet ligg i vest og Aust-Sibir-havet i aust. Laptevhavet har eit areal på om lag 672 000 km² og seglbart i august og september då det er mindre is enn resten av året.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f0/Laptev_Sea_map.png/640px-Laptev_Sea_map.png)
Laptevhavet er kalla opp etter dei russiske utforskarane Dmitrij Laptev og Khariton Laptev. Tidlegare vart havområdet kalla Nordenskjoldhavet eller Nordenskiöldhavet (russisk море Норденшельда; more Nordensjelda), etter den svenske polforskaren Adolf Erik Nordenskiöld.[1]
Elva Lena, med det store deltaet sitt, og Olenjok munnar ut i Laptevhavet.