![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e2/Le_Locle_Kath_Kirche.jpg/640px-Le_Locle_Kath_Kirche.jpg&w=640&q=50)
Le Locle
From Wikipedia, the free encyclopedia
Le Locle er ein by og ein kommune i distriktet Le Locle i kantonen Neuchâtel i Sveits. Kommunen har 10 052 innbyggjarar (2010) og eit areal på 23 km². Kommunesenteret ligg 945 meter over havet. Le Locle er hovudstad i distriktet, som har namn etter kommunen.
Le Locle | |||
---|---|---|---|
![]() | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | ![]() | ||
Kanton | Neuchâtel | ||
Distrikt | Le Locle | ||
Språk | fransk | ||
Borgarmeister | Denis De la Reussille | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
23,14 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
10 052 434,4 /km² | ||
Koordinatar | 47°04′0″N 6°42′0″E | ||
Høgd over havet | 945 moh | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 2400 | ||
Nettstad: www.lelocle.ch |
Han ligg i Jurafjella, nokre kilometer frå byen La Chaux-de-Fonds og tett ved grensa til nabolandet Frankrike. Han er den tredje minste byen i Sveits (i Sveits har ein by minst 10 000 innbyggjarar for å reknast som by).
|
Le Locle er eit senter for sveitsisk urmaking, og vert stundom rekna som opphavet til industrien med røter attende til 1600-talet.[1] Kommunen har vorte heimstad til fabrikantar som Zodiac, Terrasse Watch Co., Tissot, Ulysse Nardin, Zenith og Universal Geneve, før sistnemnde vart flytta til Genève. Historia til byen i urmaking er dokumentert i Musée d'Horlogerie du Locle, Monts slott.[2] På grunn av urmakarhistoria er byen innskriven på verdsarvlista til UNESCO.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e0/Col_des_Roches.jpg/320px-Col_des_Roches.jpg)