Lick-observatoriet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lick-observatoriet er eit astronomisk observatorium, eigd og drive av University of California. Det ligg på toppen av Mount Hamilton i Diablofjella like aust for San Jose i California.
Lick-observatoriet er det første permanente observatoriet på ein fjelltopp i verda.[1] Observatoriet vart bygd mellom 1876 og 1887, etter ei gåve frå James Lick på $700 000 (kring 22 millionar i 2014-dollar).[2] Lick vart sidan gravlagd på staden der det framtidige teleskopet stod.