![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b2/Wachowskis%252C_Fantastic_Fest%252C_Cloud_Atlas.jpg/640px-Wachowskis%252C_Fantastic_Fest%252C_Cloud_Atlas.jpg&w=640&q=50)
Lilly og Lana Wachowski
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lilly og Lana Wachowski er to polsk-amerikanske sysken og filmskaparar frå Chicago. Dei er mest kjende som hjernane bak filmen V for Vendetta og Matrix-trilogien. I tillegg til filmkarrieren har dei to også laga teikneseriar.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b2/Wachowskis%2C_Fantastic_Fest%2C_Cloud_Atlas.jpg/640px-Wachowskis%2C_Fantastic_Fest%2C_Cloud_Atlas.jpg)
Begge Wachowski-syskena er transkvinner.[1] Lana Wachowski vart fødd som Laurence «Larry» Wachowski 21. juni 1965, og har gjennomført ein kjønsskifteoperasjon i vaksen alder. Ho snakka offentleg om kjønnsendringa i juli 2012, i ein video om den kreative prosessen bak Cloud Atlas.[2] Ho blei dermed den første kjende Hollywood-regissøren som stod fram som transkjønna.[1] Lilly Wachowski var fødd som Andrew Paul «Andy» Wachowski er fødd 29. desember 1967, to år etter Lana. Ho stod fram som transkvinne i mars 2016 med ei uttaling ti lWindy City Times etter at ein reporter frå Daily Mail hadde oppsøkt henne for å prøva å få eit intervju om saka.[3][4][5][6][7] Før overgangane var syskena mest kjend som «Wachowski-brørne».