Linux
From Wikipedia, the free encyclopedia
Linux er eit operativsystem, tufta på open kjeldekode. Nemninga Linux gjeld eigentleg berre Linuxkjernen, men vert òg nytta om heile Linuxdistribusjonar, som i tillegg til Linuxkjernen inneheld mykje programvare, som fleire ulike bibliotek, brukargresesnitt, verktøy og brukarprogram frå GNU-prosjektet.
- Denne artikkelen handlar om Linux-tufta operativsystem og nærskylde emna. For sjølve kjernen, sjå linuxkjernen.
Linux | |||
| |||
| |||
skapar(ar) | Linus Torvalds, Richard M. Stallman | ||
---|---|---|---|
Plattform | DEC Alpha, x86, x86_64, ARM, PowerPC, RISC-V, MIPS | ||
Skrevet i | C, assembler, Rust | ||
Bygger på | Linux-kjernen | ||
Lisens | Berre GNU General Public License v2 | ||
Nettstad | https://kernel.org/ |
Linux vart opphavleg utvikla for Intel 386-mikroprosessorar, men stør no fleire ulike prosessorarkitekturar. Det vert nytta i alt frå personlege datamaskinar til superdatamaskinar. Det finst òg fleire miniversjonar for små innbaka system som mobiltelefonar og videokamera. For eksempel, er Linux brukt som kjerna i mobiloperativsystemet Android.
Etter å ha vorte utvikla mest av einskilde entusiastar i byrjinga, har Linux fått støtte av store selskap som IBM og Hewlett-Packard. Dette har gjort at proprietære operativsystem som versjonar av Unix og Microsoft Windows har mista marknadsdelar til Linux i tenarmarknaden. Tilhengjarar og mange analytikarar gjev leverandøruavhengigheit, låge realiseringskostnadar, tryggleik, tilgjenge til kjeldekode og stabilitet mykje av æra for denne framgangen.