Live Blood
live-album av Peter Gabriel (2012) / From Wikipedia, the free encyclopedia
Live Blood er det tredje konsertalbumet til den britiske rockemusikaren Peter Gabriel. Det vart spelt inn i HMV Hammersmith Apollo i London den 23. og 24. mars 2011 der Gabriel syng i lag med New Blood Orchestra og vokalistane Ane Brun, Melanie Gabriel, Sevara Nazarkhan og Tom Cawley.
Live Blood Konsertalbum av Peter Gabriel | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. april 2012 | |
Innspelt | 23–24. mars 2011 | |
Sjanger | Symfonisk rock | |
Lengd | 2:21:14 | |
Selskap | Real World/Virgin | |
Produsent | Peter Gabriel | |
Peter Gabriel-kronologi | ||
---|---|---|
New Blood (2011) |
Live Blood | And I'll Scratch Yours (2013)
|
Meldingar | |
---|---|
Samla karakter | |
Kjelde | Karakter |
Metacritic | (60/100)[1] |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
Classic Rock | [3] |
The Independent | [4] |
PopMatters | [5] |
Consequence of Sound | [6] |
Albumet består av songar frå dei tidlegare orkesteralbuma hans Scratch My Back og New Blood. Ein enkel CD-versjon av Live Blood vart gjeve ut som ein del av New Blood Deluxe Edition DVD som kom i 2011. Konsertane vart filma i 3D.
Orkesterversjonane av songane vart arrangerte av John Metcalfe med Peter Gabriel utanom «Signal To Noise» som vart arrangert av Peter Gabriel og Will Gregory og «The Book of Love» som vart arrangert av Nick Ingman. Songane vart dirigerte av Ben Foster som er mest kjend for arbeidet med BBC-serien Doctor Who utanom «In Your Eyes» som vart dirigert av John Metcalfe.