Llanquihue-provinsen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Llanquihue-provinsen (spansk: Provincia de Llanquihue) er ein av fire provinsar i den chilenske regionen Los Lagos. Hovudstaden er Puerto Montt. Den nest største innsjøen i landet, Llanquihuesjøen, ligg i provinsen. Her er dessutan fire vulkanar: Osorno, Calbuco, Puntiagudo og Cerro Tronador.
Kjappe fakta Land, Region ...
Llanquihue | |||
provins | |||
Land | Chile | ||
---|---|---|---|
Region | Los Lagos-regionen | ||
Hovudstad | Puerto Montt | ||
Areal | 14 876,4 km² | ||
Type | Provins | ||
Folketal | 408 052 | ||
Llanquihue-provinsen 41.333333333333°S 72.833333333333°W / -41.333333333333; -72.833333333333 | |||
|
Lukk
Europeisk busetjing av Llanquihue byrja i 1852 då tyskarar vart oppmoda til å immigrere til det sørlege Chile. Regionen er kjend for naturopplevingar og dessutan for sjømaten frå hamnene Puerto Montt og Calbuco.
I 2017 var folkesetnaden 408 052 i provinsen,[1] av dei hadde ca. 75 % adresse i kommunen Puerto Montt. Dei øvrige kommunane i provinsen er Calbuco, Cochamó, Fresia, Frutillar, Llanquihue, Los Muermos, Maullín, og Puerto Varas.