From Wikipedia, the free encyclopedia
Louis Aragon (fødd 3. oktober 1897 som Louis Andrieux, daud 24. desember 1982) var ein fransk forfattar og dadaist. Han var eit langvarig medlem av kommunistpartiet og Académie Goncourt.
Louis Aragon | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 3. oktober 1897 16. arrondissement |
Død |
24. desember 1982 (85 år) |
Yrke | medisinsk forfattar, journalist, politikar, lyrikar, romanforfattar, kunstkritikar, fransk motstandskjemper, historikar |
Språk | fransk |
Periode | Dadaisme, surrealisme |
Politisk parti | Det franske kommunistpartiet |
Sjanger | Romaner, poesi |
Medlem av | Société des poètes français |
Far | Louis Andrieux |
Mor | Marguerite Toucas-Massillon |
Ektefelle | Elsa Triolet |
Louis Aragon på Commons |
Aragon, André Breton og Philippe Soupault grunnla den franske surrealismerørsla, og i 1919 byrja dei gje ut den avantgardistiske avisa Littérature. I 1920 gav Aragon ut si første diktsamling, Feu de joie.
Etter å ha vitja Sovjetunionen i 1930 gav Aragon opp surrealismen, og skreiv i staden realistisk litteratur. Han var ein av dei første intellektuelle som slutta seg til det franske kommunistpartiet. I 1933 byrja han skriva for partiavisa L'Humanité.
Under andre verdskrigen blei Aragon mobilisert mot tyskarane, og vann den franske krigskrossen (Croix de Guerre). Under okkupasjonen var han verksam innan den franske motstandsrørsla.
I 1939 gifta han seg med den russisk-fødde forfattaren Elsa Triolet, som han hadde møtt i 1928. Ho var syster av Lilja Brik, partneren til den russiske diktaren Vladimir Majakovskij. Aragon og Triolet samarbeiddei venstrepressa før og under verdskrigen, i undergrunnspressa under det meste av okkupasjonen.
Mange av dikta hans har blitt tonesette.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.