Marcel Bezençon Awards
From Wikipedia, the free encyclopedia
Marcel Bezençon Awards er ein musikkpris knytt til Eurovision Song Contest. Prisen vart fyrst delt ut under Eurovision Song Contest 2002 i Tallinn i Estland for å gje ære til dei beste songane i tevlinga. Prisen vart skipa av Christer Björkman og Richard Herrey, og er kalla opp etter skaparen av tevlinga, Marcel Bezençon.[1]
Prisen er delt inn i tre kategoriar:
- Press Award
- Artistic Award
- Composer Award
I 2008 vart det oppretta ein spesiell pris, Poplight Fan Award. Det var berre dei artistane under 25 år som debuterte i tevlinga som kunne vinne prisen. Vinnaren vart kåra av fans på den svenske nettstaden poplight.se.[1][2]
Under Eurovision Song Contest 2010 vart det lagt til ein ny kategori, røystene til kommenatatorane. Tidlegare vart denne kategorien delt ut av tidlegare vinnarar, men problem har gjort at arrangørane endra grunnlaget av røystene. Det har vore for vanskeleg å få tak i tidlegare vinnarar. På ei anna side, så får kommenatatorane sjå prøvane og er rekna som ei meir påliteleg gruppe for røystegjevinga. Kommentatorane røystar fram vinnaren av Artistic Awards.
Prisane vert delt ut etter finalen i Eurovision Song Contest, men i 2009 vart prisane utdelt før.
I tillegg delar Sverige ut prisane etter sin nasjonale finale, Melodifestivalen.