From Wikipedia, the free encyclopedia
Mittbanan er ei jernbanelinje som går mellom riksgrensa ved Storlien og Sundsvall i Sverige. Linja er eit framhald av Meråkerbanen gjennom Sverige og følger stort sett europaveg 14.
Mittbanan | |
Mittbanan ved Storlien. | |
Info | |
Land | Sverige Sverige |
Type | Stambane |
Status | I drift |
Utgangsstasjon | Storlien |
Endestasjon | Sundsvall |
Drift | |
Opna | 1882–1886 |
Eigar | Trafikverket |
Type trafikk | Gods og persontrafikk |
Teknisk | |
Kjørestrøm | 15 kV 16⅔ Hz |
Sporvidde | normalspor |
Lengde | 358 km |
Lengde dobbeltspor | Bräcke-Ånge |
Største stigning | 19 ‰ |
Linja blir trafikkert mellom anna av Mittnabotåget som køyrer mellom Heimdal via Trondheim og Östersund. Mellom Duved og Sundsvall går krengetoget X 2000, mellom Storlien og Ånge nattog til Stockholm og Göteborg. Tidlegare gjekk dette toget til Trondheim. Også nattoget frå Narvik følger Mittbanan eit kort stykke mellom Bräcke og Ånge. I vintersesongen går det òg av og til ekstratog til Åre.
Mittbanan er elektrifisert medan Meråkerbanen ikkje er det, derfor er toga mellom Trondheim og Östersund dieseldrivne.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.