Narvik
by i Nordland From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Narvik (nordsamisk Áhkánjárga) er ein by og administrasjonssenter i Narvik kommune i Nordland med 14 183 innbyggjarar per 1. januar 2024.
Remove ads
Narvik voks opp kring den isfrie hamna nytta for utskiping av jernmalm frå Kiruna i Sverige etter at eit britisk-svensk selskap byrja byggja Ofotbanen i 1883.[1] Narvik blei vedtatt oppretta som kjøpstad i 1901 med verknad frå 1902. Hovudnæring i byen var kenge knytt til transport, lagring og transittutskiping av jernmalm frå gruvene til Luossavaara-Kiirunavaara (LKAB) i Kiruna. Talet på arbeidsplassar knytt til dette har gjennom åra gått kraftig tilbake i samband med utviklinga av meir effektive utskipingsmetodar.[1]
Sentrum av byen ligg på halvøya mellom Rombaken og Beisfjorden. Det er delt i to av jernbaneområdet med utskipingsanlegg for jernmalm. Vest for jernbaneområdet ligg Frydenlund, medan Oscarsborg ligg i aust. I sør ligg bydelen Fagernes og vest for munningen av Beisfjorden ligg Ankenesstrand–Håkvik. Dei fleste noverande bygga er reist etter andre verdskrigen.[1]
Remove ads
Galleri
- Narvik rådhus
- Ankeret til panserskipet «Norge» ved Nordland Røde Kors krigsminnemuseum.
- Speglpyramiden Trinigon 3 i Narvik.
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads