![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e6/Old_Port_of_Montreal_%2528French-_Vieux-Port_de_Montr%25C3%25A9al%2529.jpg/640px-Old_Port_of_Montreal_%2528French-_Vieux-Port_de_Montr%25C3%25A9al%2529.jpg&w=640&q=50)
Montreal
From Wikipedia, the free encyclopedia
Montreal eller Montréal på fransk er den nest største byen i Canada, og den største i den canadiske provinsen Quebec. Opphavleg vart byen kalla Ville-Marie («Maria by»), men vart omdøypt til Montréal på 1700-talet, eit namn som kjem frå det franske Mont Royal («Kongeleg fjell»), som var namnet på ein ås med tre toppar i hjarte av byen.
Montreal | |||||
---|---|---|---|---|---|
![]() | |||||
| |||||
Kallenamn «City of Mary (Ville-Marie)» | |||||
Motto «Concordia Salus («frelse av harmoni»)» | |||||
Styresmakter | |||||
Land Provins |
Canada Quebec | ||||
Grunnlagd | 1642 | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 498 km² | ||||
Flatevidd - By - Urbant - Storbyområde |
365,13 km² 1 677 km² 4 259 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik - Byområde - Storbyområde |
1 620 693 4 439/km² 3 635 751 3 316 615 | ||||
Koordinatar | 45°30′N 73°40′W | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
EST (UTC-5) EDT (UTC-4) | ||||
Diverse anna | |||||
Postnummer | H | ||||
Telefon-retningsnummer | 514 og 438 | ||||
Heimeside: ville.montreal.qc.ca |
Tidlegare var Montreal det største storbyområdet i Canada (i dag er det Toronto), men er den nest største fransktalande byen i den vestlege verda etter Paris. Ei folketeljing i 2006 talde 1 620 693 innbyggjar i sjølve Montreal. Montreal er det 15. største storbyområdet i Nord-Amerika[1] og det 74. største i verda. 70 % av innbyggjarane er fransktalande, medan resten har engelsk eller andre minoritetsspråk som morsmål.
Montreal ligg sørvest i Quebec, om lag 200 km sørvest for provinshovudstaden Québec og 150 km aust for Ottawa, hovudstaden i Canada.
Montreal arrangerte Verdsutstillinga i 1967 (Expo '67), og var vertsby for Sommar-OL 1976.
Université de Montréal er det største franskspråklege universitet i byen med rundt 50 000 studentar. Universitetet ligg i området Côte des Neiges, og har fleire ulike fakultet innanfor kommunikasjon, språk, medisin mfl. Der er fleire engelskspråklege universitet, og det mest kjende er McGill University.