Eidsvold 1814, òg kjend som Eidsvold Riksraad 1814, Riksforsamlingen på Eidsvoll og anna, er eit norsk måleri som syner riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 der den norske grunnlova vart skapt og vedteken. Biletet er laga av Oscar Arnold Wergeland (1844–1910) i perioden 1882–1885, følgjeleg omkring 70 år etter grunnlovsforsamlinga. Måleriet vart gjeve som gåve til Stortinget i Oslo, der det framleis heng i hovudsalen. Biletet er troleg det mest kjende historiemåleriet i norsk kunst.
- Denne artikkelen handlar om eit måleri. For forsamlinga, sjå Riksforsamlinga på Eidsvoll. For avdelinga i Norsk Folkemuseum, sjå Eidsvoll 1814.
Eidsvold 1814 vart tinga av korpslege og forretningsmann Lorentz Reinhold Boll Ring frå Drøbak[1] og donert av han i eit brev til Stortinget 16. mai 1885. Det heng no i Stortingssalen.
Fremst i biletet står Christian Magnus Falsen oppreist framfor forsamlinga og les opp grunnlova, sorenskrivar Wilhelm Frimann Koren Christie sit ved sidan av han. I måleriet kan rundt 70 personar av dei 112 medlemma av Riksforsamlingen identifiserast.[2]
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.