Nabucco
Opera av Giuseppe Verdi / From Wikipedia, the free encyclopedia
Nabucco er ein opera i fire akter av Giuseppe Verdi til ein italiensk libretto av Temistocle Solera, basert på ei bibelsoge (2. Kong. 24f) og eit skodespel frå 1836 av Auguste Anicet-Bourgeois og Francis Cornue. Nabucco var den tredje operaen til Verdi, og hadde urpremiere i 1842. Operaen blir rekna for å ha etablert ryet til Verdis som operakomponist og dermed lansert karrieren hans. Det best kjende nummeret frå operaen er det hebraiske slavekoret «Va’ pensiero, sull’ali dorate» (‘Flyg, tankar, på gylne venger’), eit stykke som ofte blir forlanga som ekstranummer i dag.
Nabucco handlar om lagnaden til jødane, åtaket på dei og erobringa av landet deira og det følgjande eksilet deira under kongen av Babylon, Nebukadnesar.[1] Denne historia blir brukt som bakgrunn for det romantiske og politiske plottet i operaen.