From Wikipedia, the free encyclopedia
Nanoteknologi er vitskapen om og den teknologiske utnyttinga av strukturar i storleiksorden 0,1-100 nanometer, det vil seia 10-10-10-7 meter, særleg innan fysikk, kjemi og medisin.
I dette storleiksområdet er strukturane for store og inneheld for mange partiklar til å bli forklart ut frå enkle atommodellar. Samtidig er dei for små til å bli forklart av klassiske teoriar, slik som klassisk termodynamikk, klassisk elektromagnetisme og newtonsk fysikk. Ein studerer difor nanoteknologi frå to kantar; anten nedanfrå, ved å ta utgangspunkt i molekylær kjemi og fysikk for så å byggje strukturane større og meir komplette, eller ovanfrå, ved å ta utgangspunkt i klassiske, makroskopiske modellar, men med tillegg av kvanteeffektar og andre brot på makroskopisk naturvitskap.
Nanoteknologi er tverrfagleg av natur, og uttrykket vert nytta i fysikk, kjemi, biologi, medisin og materialvitskap. Desse felta har alle kvar for seg over lengre tid drive med forsking og bruk på nanonivå. Dei siste åra er alt nanorelatert samla i eitt uttrykk på tvers av faggrenser. Nytt er også ei dreiing av fokus frå grunnforsking til praktisk, anvendt vitskap.
I dei seinare åra har interessa for og arbeidet med nanoteknologi auka monaleg. Mykje innan eksisterande teknologi må ned på nanonivå for å kunne bli utvikla vidare, samtidig som det finst ei heil rekkje nye typar nytte.
Det finst fleire eksempel på nanoteknologi som er i bruk i dag:
Årsaka til at nanonivået er så interessant er at mange strukturar i naturen er nettopp i denne storleiksordenen:
I tillegg finst fenomen som opptrer berre på nanonivå
Det er fleire forskingsmiljø som nyttar nanoteknologi i dag og viser veg for framtidig bruk. Teknologien vert nytta fleire stadar enn det som ein kan leggje i ei enkel liste. Det må òg nemnast at teknologien vert nytta i mange ulike stadium. Noko finst allereie, men kan gjerast betre med nanoteknologi, andre er heilt nye (og kan dermed risikere å aldri bli noko av).
Innan fysikken nyttar ein i hovudsak nanoteknologi i fire emne: elektronikk, magnetisme, optoelektronikk og mekanikk.
I kjemien er fokus på utforming av nye typar material og på auka produktivitet i kjemiske reaksjonar.
Ein tenker seg at medisin skal nytte teknologien som er utvikla frå kjemi og fysikk. Nytta kan delast i to grupper: i og utanfor kroppen. Bruk av nanoteknologi utanfor kroppen vil bli viktigast i første omgang.
Nytte utanfor kroppen:
Nytte inni kroppen:
Det som i dag vert kalla nanoteknologi vart første gong omhandla i ein tale som Richard Feynman (There's Plenty of Room at the Bottom) heldt i 1959. Sjølve omgrepet vart først definert i 1974 i eit skriv av Norio Taniguchi (N. Taniguchi, On the Basic Concept of 'Nano-Technology', Proc. Intl. Conf. Prod. Eng. Tokyo, Part II, Japan Society of Precision Engineering, 1974.)
I 1980-åra utvida Dr. Eric Drexler omgrepet mykje og dette vart skildra i bøkene Engines of Creation: The Coming Era of Nanotechnology og Nanosystems: Molecular Machinery, Manufacturing, and Computation, (ISBN 0-471-57518-6). Vår forståing av omgrepet kjem i stor grad frå Drexler.
I dag er nanoteknologi nytta i dei fleste naturvitskaplege forskingsmiljø, og mange meiner at dette vil gjere mykje meir med verda enn den industrielle revolusjonen eller informasjonsteknologien gjorde i dei førre hundreåra.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.