Nedbør
vatn som fell frå himmelen / From Wikipedia, the free encyclopedia
Nedbør eller ovanburd er ulike former av vatn som fell ned frå himmelen. Det kan koma i form av regn, snø, hagl, underkjølt regn, virga og sludd. Nedbør er ein svært viktig del av vasskrinslaupet, og er kjelda til mesteparten av ferskvatnet på jorda. Kondensering som dogg eller skodde blir ikkje rekna som nedbør.