From Wikipedia, the free encyclopedia
Nera (serbisk: Нера (Nera), ungarsk: Néra) er ei 124 km lang elv i Romania og Serbia, og ei av sideelvane til Donau frå venstre.
Nera spring ut i Semenicfjella, den austlegaste delen av regionen Banat sør for byen Reșița i Caraș-Severin fylke i Romania. Elva startar der dei to mindre elvane Nergana og Nerganița renn saman sør for fjelltoppen Piatra Grozbe. Ved landsbyen Borlovenii Vechi snur Nera sørvestover og renn mellom Semenic- og Banatfjella. Her mottar Nera Rudăria frå venstre og renn gjennom landsbyane Prilipeț, Dalboșeț og Moceriș, før ho når Șopotu-Nou, der ho brått snur nordvestover og rundt Semenicfjella. Ho renn så gjennom landsbyane Sasca Română, Sasca Montana, Slatina Nera og Naidăș, og frå her vert ho ei grenseelv mellom Romania og Serbia dei siste 27 km av elva.
Som grenseelv renn Nera gjennom senkinga Bela Crkva (Belocrkvanska kotlina; kyrillisk: Белоцркванска котлина). Av busetnader på den rumenske sida finn ein Lescovița, Zlatița og Socol, og på den serbiske sida er det berre ein landsby ved sjølve elva, Kusić. Vračev Gaj ligg i nærleiken av elva og her snur elva sørover og munnar ut i Donau nær landsbyen Stara Palanka.
I den siste delen av elva er ho 20-40 meter brei med varierande djup. Elveleiet består hovudsakleg av grus, og renn over i fleire limanar fylt med gjørmete vatn.
Nera har eit nedslagsfelt på 1240 km², som høyrer til Svartehavet. Elva er ikkje farbar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.