Romania
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Romania (rumensk România) er eit land søraust i Sentral-Europa, nord for Balkanhalvøya mellom Donau, Karpatane og Svartehavet. Nesten heile Donaudeltaet ligg i Romania. Landet grensar til Bulgaria, Serbia, Ungarn, Moldova og Ukraina i tillegg til Svartehavet.
Majoritetsspråket i Romania er rumensk, eit romansk språk i slekt med mellom anna italiensk. I tillegg finst det ein stor ungarsktalande minoritet vest i Romania. Gjennom historia har dakarar halde til her og nasjonar som Romarriket (som førte til at området vart dominert av romansk språk), Kongedømet Ungarn og Det osmanske riket rådd over området. Staten Romania vart oppretta då Moldavia og Valakia vart slegne saman i 1859 og vart godkjend i Berlintraktaten etter den rumenske sjølvstendekrigen i 1878. Seinare, i 1918, vart Transilvania, Bukovina og Bessarabia lagt til. Etter den andre verdskrigen vart delar av landet (det som i dag er Moldova) okkupert av Sovjetunionen og Romania vart eit medlemsland i Warszawapakta. Då Jarnteppet fall i 1989 starta Romania ei rekkje politiske og økonomiske reformer. Etter eit tiår med økonomiske problem innførte Romania ein svært låg flat beskatning i 2005 og gjorde nokre andre raske reformer. Frå og med 1. januar 2007 vart Romania medlem i EU. Reformene har ført til ein vekst i BNP på over 7 %, ei av dei raskaste aukane i Europa.
Romania er det niande største landet etter areal og det sjuande største landet ut frå folketal i EU[1]. Hovudstad og største by er Bucureşti, den sjette største byen i EU med 1,9 millionar innbyggjarar. I 2007 vart Sibiu, ein storby i Transilvania, vald til europeisk kulturhovudstad.[2] Romania vart òg medlem av NATO 29. mars 2004, og er medlem av Den latinske unionen, av Francophonie og av Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa. Romania er ein semipresidentialistisk einingsstat.
Remove ads
Geografi
Klima
Historie
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads