From Wikipedia, the free encyclopedia
Nicholas Murray Butler (fødd 2. april 1862 Elizabeth i New Jersey i USA, død 7. desember 1947 New York) var ein amerikansk politikar og akademikar. Han var rektor ved Columbia University i 43 år til han trekte seg tilbake 83 år gammal. I hans tid vart Columbia eit verdsleiande universitet.[1] Butler var visepresidentkandidat ved presidentvalet i USA i 1912 (saman med William Howard Taft).[2]
Nicholas Murray Butler | |||
| |||
Fødd | 2. april 1862 Elizabeth | ||
---|---|---|---|
Død | 7. desember 1947 Manhattan | ||
Nasjonalitet | USA | ||
Yrke | filosof, politikar, universitetslærar, diplomat, lærar, skribent | ||
Institusjonar | Johns Hopkins University Columbia University | ||
Alma mater | Columbia University | ||
Barn | Sarah Butler | ||
Medlem | Det ungarske vitskapsakademiet American Philosophical Society American Academy of Arts and Letters |
Han prøvde å verta nominert til republikanarane sin presidentkandidat i 1920 og 1928, utan suksess. Butler var professor (dosent) i filosofi ved Columbia frå 1889.[3][4]
Han vart tildelt Nobels fredspris saman med Jane Addams i 1931. Butler fekk prisen for «Hoover-moratoriet» - betalingsutsetting for Tyskland si krigsgjeld.[5] Han arbeida for nedrusting, ein verdsdomstol og støtta Folkeforbundet.[2] Butler vitja Berlin våren 1933 etter Hitler hadde teke over makta og vart sjokkert over det han opplevde. Tilbake i New York heldt han ein pressekonferanse på kaien, og uttrykte bekymring for tilhøva i Tyskland. Han trekte tilbake Carnegies finansiering av professorat i Berlin og tilbaud i staden Hajo Holborn eit treårig stipend på det universitetet han måtte ynskja.[6]
Me amerikanarar føler oss i dag sterkt bundne til Noreg og det norske folket. Nordmennene er eit lovlydig, fredselskande folk, som har ytt store bidrag til vår kultur og sivilisasjon, eit folk fritt for militære og politiske ambisjonar, eit folk som har arbeida for internasjonal forståing mellom nasjonane, blant anna ved utdelinga av Nobels fredspris. Det var eit sjokk for oss amerikanarar da Noreg blei overfalt utan varsel grunna ein overmektig fiende. Overfallet var eit ledd i ein nøye førebudd plan om å invadera det eine frie landet etter det andre i Europa, og undertrykka dei med brutal makt. |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.