Nicola Joy Nadia Benedetti CBE (fødd 20. juli 1987) er ein skotsk-italiensk solofiolinist og festivaldirektør. Talentet hennar blei merka frå ho var ung, og då ho var 16 vann ho BBC Young Musician of the Year. Ho har spelt med orkester i Europa og Amerika og i lag med den faste pianisten sin Alexei Grynyuk. Sidan 2012 har ho nytta Gariel Stradivarius-fiolinen. Ho blei den fyrste kvinnelege leiaren for Edinburgh International Festival då ho blei utnemnd til festivaldirektør i 2022.

Bakgrunn

Benedetti blei fødd i West Kilbride i North Ayrshire i Skottland. Faren var italiensk og mora var skotsk-italiensk.[1] Ho byrja å spela fiolin då ho var fire, med timar hjå Brenda Smith. Då ho var åtte blei ho konsertmeister for National Children's Orchestra of Great Britain.[2] Då ho var ni hadde ho allereie gått gjennom dei åtte graderingane innan standard musikkutdanning medan ho var elev ved Wellington School i Ayr.[3] I september 1997 blei ho elev ved Yehudi Menuhin School for unge musikarar under Yehudi Menuhin og Natasha Boyarskaya i Surrey i England. 

Ved slutten av det fyrste året der (1998) spelte ho solo i den årlege konserten skulen heldt ved Wigmore Hall, og opptredde i London og Paris som solist i dobbel fiolinkonsert av Bach med Alina Ibragimova. Ho spelte på ein minnekonsert i Westminster Abbey vigd livet og virket til Yehudi Menuhin.

I 2000 deltok ho i Menuhin Competition som junior.

Nicola har ei eldre syster, Stephanie, som også er fiolinist og medlem av popgruppa Clean Bandit.

Tidlege konsertar

I 1999 opptredde Benedetti ved jubileumsferingane til Holyrood Palace med National Youth Orchestra of Scotland. I 2000 opptredde ho med Royal Scottish National Orchestra og Scottish Opera.

Deretter følgde konsertar med City of London Sinfonia, Royal Philharmonic Orchestra, Scottish Opera, Scottish Chamber Orchestra, Royal Scottish National Orchestra og andre.[4]

I august 2002 vann ho UK's Brilliant Prodigy Competition, som blei sendt på Carlton Television. Ho forlet Menuhin School kort tid seinare, og byrja som femtenåring å få privat opplæring frå Maciej Rakowski, den tidlegare konsertmeisteren til English Chamber Orchestra.[5]

Våren 2003 var Benedetti invitert som solist med London Symphony Orchestra til å ta del i innspelinga av DVD-en Barbie of Swan Lake ved Abbey Road Studios. I oktober 2003 blei det filma ein ekstradel til DVD-en, «Playing With Passion», som blei gjeven ut av Mattel. BBC Scotlandnytta denne DVD-en til å skapa ein dokumentar om Benedetti, som blei send på britisk fjernsyn i mars 2004.

BBC Young Musician of the Year

Då ho var 16, i mai 2004, vann Benedetti tevlinga BBC Young Musician of the Year, og framførte Karol Szymanowski sin First Violin Concerto i finalen ved Usher Hall i Edinburgh med BBC Scottish Symphony Orchestra.[4][6] Etter å ha vunne prisen kom ho øvst i musikkgruppa av Top Scot-prisen i desember 2005.[7]

I september 2012 opptredde Benedetti ved Last Night of the Proms, der ho spelte Violin Concerto No. 1 av Max Bruch.[8] Dette året blei ho gjeven fiolinen 1717 «Gariel» Stradivarius på lån av Jonathan Moulds, ein bankmann og styremedlem for London Symphony Orchestra Board member.[9]

I tillegg til soloframføringar har Benedetti også opptredd i ein trio med den tyske cellisten Leonard Elschenbroich og den britisk-ukrainske pianisten Alexei Grynyuk.[10]

Thumb
Benedetti i august 2022, då ho møtte den skotske fyrsteministeren.

Benedetti blei gjeven æresdoktorat frå Glasgow Caledonian University i november 2007 og frå Heriot-Watt University i 2010.[11] Ho er også blitt gjeven æresgradar frå University of Edinburgh i november 2011[12] og frå University of York[13] i august 2020.

Benedetti blei utnemnd til Member of the Order of the British Empire (MBE) i 2013 New Year's Honours «For services to Music and to charity».[14][15] Ho blei vald som æresmedlem av Royal Society of Edinburgh i mars 2017.[16] I 2015 blei ho lista opp som ei av BBC sine 100 Women.[17]

I mai 2017 blei ho gjeven Queen's Medal for Music, den yngste mottakaren av dei tolv folka som hadde fått prisen sidan han blei skipa i 2005.[18]

Ho blei Commander of the Order of the British Empire (CBE) i 2019 New Year Honours, «For services to Music».[19] I 2019 blei ho også gjeven den årlege Royal Medal-prisen av Royal Society of Edinburgh for å betra liva til skotske barn med vanskelege livskår gjennom Sistema Scotland og Big Noise Orchestras.[20]

I vann ho grammyprisen for beste klassiske instrumentalsolo for Marsalis: Violin Concerto; Fiddle Dance Suite.[21][22]

Ho blei tildelt ISM Distinguished Musician Award i 2021.[23]

I 2022 blei ho utnemnd til ærespresident for Royal Conservatoire of Scotland (RCS).[24]

Ho blei den fyrste kvinnelege leiaren[25] for Edinburgh International Festival då ho blei utnemnd til festivaldirektør 1. oktober 2022.[26]

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.